Redusert forsyningstryggleik for straum til Kvam

I perioden 26-30. august skal det utførast vedlikehald på 132 kV leidningen mellom Samnanger og Norheimsund. Kvam vil i denne perioden verta einsidig forsynt frå Bjølvo kraftverk i Ålvik. Dersom forsyninga fell ut, vil straumen vera borte inntil feilen er avklara og straumforsyninga gjenoppretta. Ein må forvente at dette kan ta inntil 2. timar.