Informasjon til eigar/drivar av campingplass

 
Framsida på publikasjonen elsikkerheit 92

Elsikkerhet 92

Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB) kom med enkelte presiseringar som angår elsikkerheten på campingplassar i Elsikkerhet nr 92. Dette tilrår DLE at alle som har med campingplassar les. (side 5 til side 9)

Link publikasjonen Samfunnsikkerhet og Beredskap finn du her.

Internkontroll med tanke på elsikkerhet

Systematiske tiltak som skal sikre at virksomhetenes aktiviteter planlegges, organiseres, utføres, sikres og vedlikeholdes

Alle foretak er pliktig til å ha ein form for internkontroll. Denne skal tilpassast føretakets art, aktivitet, risikoforhold og størrelse.

Enkelt forklart så skal det være eit systematisk arbeid for å hindre, oppdage og retta uønska forhold.

I små foretak kan det være nok med ein årleg verifikasjon av det elektriske anlegget og eit arkivsystem for relevant dokumentasjon

Elsikkerhetsportalen har ei oppskrift på korleis foretak kan lage seg eit godt og enkelt system. Link til denne finn du her. Anbefalast

Link til Internkontrollforskriften (lovdata.no)

 Visuell kontroll av elektriske anlegg

Eigenkontroll av elektriske anlegg bør gjennomførast regelmessig basert på ei risikovurdering. Den bør innehalde relevante punkt, men alikevell være så enkel som mogeleg. Den må oppdateres ved behov eller endringar.

Her kjem eit par eksempel på korleis ei sjekkliste kan sjå ut:

Eksempel på en sjekkliste til campingplass
Nytt Eksempel på en sjekkliste til campingplass
Enda eit Eksempel på en sjekkliste til campingplass

Dette kan du gjera sjølv:

Sjølv om alle kan kjøpa elektrisk materiell berekna på fast montasje i butiken, er det kun elektroinstallatør som har lov å installera faste installasjonar. Det er svært begrensa kva ein ufaglærd har lov å gjera med det elektriske anlegget. Følgjande kan du likevel gjera sjølv, dersom arbeidet vert gjordt på ein sikkerhetsmessig forsvarleg måte:

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.

  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.

  • Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.

  • Kopla til eller reparera lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.

  • Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta. Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.