Produksjon av eigen straum

Viktig informasjon frå nettselskapet til deg som vurderer produksjon av eigen straum

Ein Innmatingskunde er ein kunde som produserer straum til eige forbruk. Normalt vil ein årsproduksjon ikkje overstige eige forbruk, men i periodar kan kunde ha overskytande produksjon som vert levert inn på distribusjonsnettet.

Er du innmatingskunde og produserer meir enn du brukar, kan du selja overskytande energi til straumnettet. Har du periodar med lite eller ingen produksjon, kan du sjølvsagt kjøpe straum som ein ordinær kunde.

Det er ikkje lov å ha eit konsesjonspliktig anlegg bak eige tilknytingspunkt, eller omsetning bak tilknytingspunktet som krev omsetningskonsesjon. (f.eks. levere straum direkte til nabo eller andre.)

Plusskundeordning
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i kontrollforskrifta innført ein plusskundeordning som inneber ein dispensasjon frå gjeldande regelverk for kraftprodusentar.

For å koma inn under plusskundeordninga, så lyt innmata effekt i tilknytingspunktet ikkje på noko tidspunkt overstige 100 kW.

Med endring i avregningsforskrifta som no er tredd i kraft (1 okt. 2023) er Plusskundeordninga også tilrettelagt for eigedomar med fleire straumabonnenter.
Eksempelvis kan bebuarar i burettslag dela på felles eigenprodusert straum og på den måten redusere sine straumutgifter.
Det er mulig å delta i delingsordningen med anlegg på inntil 1 MW (1000 kW) installert effekt innafor samme eiendom.


Kvam Energi Nett AS anbefaler at kundar kontaktar registrert elektroforetak før anlegg vert kjøpt. Det vil sikre at ditt elektriske anlegg er eigna, og at du kjøper anleggsdeler som oppfyller nødvendige krav for tilknyting til straumnettet. Eventuelle kostnader til nettselskapet vil og då verte avdekka.

Døme på tilknytingsprosess

  • Kunde kontaktar godkjent elektroinstallatør/ leverandør for å avklare tekniske og økonomiske forhold rundt eige elektrisk anlegg og rundt tilknyting av produksjonsanlegget:

  • 1 fase eller 3 fase fordeling

  • Behov for auke av installasjonens Overbelastningsvern (OV)

  • Dersom behov for auke/utviding av kapasitet på Overbelastningsvern eller utviding frå 1-fase til 3-fase må dette søkast om på eigen installatørmelding til nettselskapet. Dette anbefaler me sterkt vert gjort før ein bestiller produksjons-/solcelle anlegg. Årsak for dette er at det kan komme anleggsbidrag/kostnad mot kunde som fylgje av utvidinga/auken.

  • Elektroinstallatør sender inn førehandsmelding av produksjons-/solcelleinstallasjonen via Kvam Energi Nett AS (KEN) sitt meldingssystem for installatørar. (Der det er meldt inn auke/utviding av OV må denne meldinga vere godkjent av (KEN) og kunde ha godtatt eventuelle anleggsbidrag før melding om solceller vert behandla)

  • Elektroinstallatør mottar svar på førehandsmeldinga(ne), og kan ev. gå i gang med å installere anlegget.

  • Når elektroinstallatør har ferdigstilt anlegget, skal ferdigmelding sendast til nettselskapet (KEN). Denne ferdigmeldinga skal vera godkjent av KEN før anlegget kan spenning setjast og takast i bruk.

  • Når ferdigmelding er mottatt  og godkjent, sender KEN Innmatingskunde avtale om «Tilknytings- og nettleieavtale for innmatingskundar i Lavspenningsnettet» med 2 stk vedlegg til kunde.


Kostnader

Innmatingskunden må dekkje alle kostnader i eige hus, også kostnader til elektroinstallatør.
I samarbeid med installatøren er det kunden sitt ansvar å sørgje for at anlegget tilfredsstiller dei tekniske krava som nettselskapet stiller.

Om nettforsterkingar er nødvendig, kan dette verta ein kostnad som lyt dekkast av kunden gjennom eit anleggsbidrag. For eksempel dersom størrelsen på produksjonsanlegget medfører behov for auke av overbelastningsvern, og dette fører til behov for å forsterking i straumnettet fram til kunde.

 

Tekniske krav og tilknytingsvilkår

Innmatingskundar kan av og til ha ein positiv innverknad på nettdrifta, men kan og innebere utfordringar for nettselskapet. Det norske straumnettet har historisk vorte bygd med tanke på effektflyt i éin retning: frå større kraftverk i høgspentnettet fram til sluttbrukar i lågspent distribusjonsnett.

Innmatingskundar kan i periodar føra til at effektflyten skifter retning i distribusjonsnettet. Dette kan påverka spenning og leveringskvalitet til andre kundar. Nettselskapet må derfor sikra seg om at produksjonsanlegget er utrusta på ein slik måte at det ikkje skapar store forstyrringar i nettet.

Maks tillatt størrelse for 1-fase solcelleanlegg er 20A (4,6kW). (Dette for å unngå skeivfordeling av straum i forsyningsnettet)

Det er krav til at slike produksjonsanlegg lyt fylgja bransjestandard slik som REN blad 342, 3040 og NEK400.

  • Her ligg mellom anna krav til at Innmatingskunden sitt anlegg ikkje held fram å mate inn straum i eit område som er fråkopla resten av nettet (uønska øydrift). Dette kan medføre fare for personell som arbeider i nettet.

  • Det ligg og inne krav om at eit produksjonsanlegg ikkje skal kunne auke spenninga i nettet over tillatte spenningsnivå.


Kvam Energi Nett AS nyttar ein Innmatingskundeavtale. Avtalen er basert på standardvilkåra for nett tilknyting og REN sin bransjestandard.


Nettleige

Innmatingskundar betaler ordinær nettleige for netto straumforbruk. Nettleiga går med til å dekke utgiftene nettselskapet har til å byggje, drifte og vedlikehalde straumnettet. Nettleiga består av to ledd: Kapasitetsledd og energiledd.

Ved innmating av overskytande produksjon i Kvam Energi Nett AS sitt nett, gjeld til ein kvar tid gjeldande tariffar publisert på nettsidene til Kvam Energi Nett.

 

Tilleggsinformasjon

Spenningsendringar i forsyningsnettet kan føra til at Dykkar solcelleinverter i periodar med lavt eigeforbruk ikkje føretek maks innmating av produksjon mot forsyningsnettet.

Dette er elektronisk styrt av inverter sin innebygde sikkerheitsmekanisme, for at Dykkar anlegg ikkje skal forårsake brudd på FoL
(Forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet)

Her finn du kopi av informasjonsbrev frå Kvam Energi Nett AS som vert sendt ut til dei som skal installere, eller vurderer installasjon av produksjonsanlegg.

Kommentar frå DLE: Basert på erfaring frå tilsyn på solcellanlegg anbefaler me at de og les DLE sine kommentarer til solcelleanlegg.