Jordfeil

Jordfeil kan oppstå ved feil i det elektriske anlegget eller tilkobla utstyr. Jordfeil kan vera konstant eller forbigåande. 

Eksempel på utstyr me finn jordfeil på kan vera komfyr, varmtvannsberedar, lysarmatur, varmekablar, ute-/vegljos, høgtrykksspylar, skøyteledningar, kaffitraktar med meir. 

Jordfeilbrytar

Jordfeilbrytaren si oppgåve er å kople frå anlegg eller utstyr med jordfeil. Dette for å verna menneske, dyr og eigendom mot elektrisk støyt og brann. Det er krav om jordfeilbrytar i alle nyare elektriske anlegg.

Dersom jordfeilbrytaren slår ut, kan du prøva å finna feilen ved å gå gjennom punkta under

  1. Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).

  2. Set på att jordfeilbrytaren.

  3. Koble inn ein og ein sikring til jordfeilbrytaren koblar ut att. Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.

  4. Slå av den kursen som det er feil på. Koble jordfeilbrytaren inn att.

  5. Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og slå på sikringen att.

  6. Slå på eit og eit apparat til jordfeilbrytaren koblar ut att. Du har no funne det apparatet med feil på. La dette apparatet vera fråkobla.

 For utbetring av feila ta kontakt med installatør.

Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og opplever at nokon får støyt i seg, må du kontakta installatør omgåande for å finna feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje.