Åpenhetslova

 Kvam Energi Nett arbeider kontinuerleg mot ei etisk forsvarleg og berekraftig utvikling.

Målet med åpenhetslova er å fremja verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold, samt sikra allmenheita tilgang til informasjon. Det vil seia at lova skal bidra til å redusera risikoen for at selskap årsaker eller medverkar til brot på menneskerettigheiter og brot på arbeidsforhold i verksemda og hjå underleverandører og andre forretningsparter.

For Kvam Energi Nett betyr det at me må vera meir opne om korleis verksemda vår påverkar verda rundt oss, og at me må gjennomføra vurdering av aktsemd for å sikra at me ikkje bidreg til negativ påverknad på mennesker, samfunn og miljø. Dette vil ikkje berre gjelda for eiga verksemd, men og for leverandørar og verdikjeda til leverandørane.

 

Vurdering av aktsemd

Bærekraft er ein integrert del av Kvam Energi Nett sin selskapsstrategi, forankra i våre strategiske mål.

Me har eit ansvar for alle som jobber hjå oss, for oss og med oss. Som eit av fokusområder har Kvam Energi Nett og eit ansvar som leverandørutfordrer, som mellom anna inneber å fylgja opp rutiner og driva berekraftig innovasjon i samarbeid med leverandørar.

Prosessen med vurdering av aktsemd er basert på «OECD sin veileder for aktsomhetsvurderinger for ansvarlig næringsliv»

Krav til leverandørar om etikk og berekraft

Kvam Energi Nett arbeider kontinuerleg mot ei etisk forsvarleg og berekraftig utvikling. Me forventar at våre leverandørar av varer og tenester og legg dette til grunn for si verksemd og verdikjede, og me stiller derfor krav om dette.

I fyrste omgang vil me sjå på informasjonen som me alt har om våre leverandørar, og eventuellt innhenta ytterlegare informasjon om det vert nødvendig. Kartlegginga vil vera tufta på informasjon om risiko knytt til bransje geografi og kjend risiko Kvam Energi Nett har møtt på tidlegare eller sannsynleg vis vil møte på.

 Ut frå den overordna risikoanalysen vil me sjå på dei leverandørar der risikoen er størst, og gjera ei meir detaljert risikovurdering. Ved å sjå funn opp mot dokumentasjon og kunnskap me har om desse leverandørane, vil me kunna få ein viss kunnskap for kor det kan vera risiko for negativ påverknad.

 


Prosess for aktsomheitsvurderingar (OECD veileder)