Feilmeldingar og observasjonar

Har du problem med straumforsyninga? Årsak til straumbrot kan være mange. Her er nokon tips til korleis du skal gå fram dersom straumen er vekke eller oppfører seg unormalt:

  • Er straumen fråkopla grunna manglande betaling, kontakt oss i normal arbeidstid.

  • Er det annonsert planlagte straumutkoplingar i ditt område, vent til straumen kjem attende. Annonseringa skal ha angitt tidsrommet for straumutkoplinga.

Dersom naboen har same problem som deg, er det mest sansynleg at feilen ligg i Kvam Energi sitt nett. Det er da tid for å kontakte oss.

Dersom naboen ikkje har dei same problema, bør følgande sjekkast før ein kontakter Kvam Energi Nett:

  • Sjekk om sikringar og/eller eventuell jordfeilbrytar har kopla ut. Mange har også inntakssikringar andre stader enn i sikringskåpet. (kan vera på loft/kjellar eller utvendig tilknytningsskap).

Kvam Energi Nett har ansvar for drift og vedlikehald av fordelingsnettet fram til husveggen. Skap ved grunnmur og alt på innsida av husveggen er private anlegg. Feil her må utbetras av eit godkjent registrert elektroforetak.

Ring oss dersom:

  • du er i tvil om me har registrert ein feil

  • du har sett noko som kan være nyttig informasjon om feilstad og feilretting.

Vakt telefon: 56553333 (døgnbemanna)

Kvam Energi Nett set og stor pris på at våre kundar sender oss melding om ting som kan være nyttig for oss å vita, som igjen gjer at me kan yta ein betre service til våre kundar.

Slike ting kan være:

  • Hærverk og skade på våre anlegg

  • Skog og tre som har vokst opp i våre linjer og er fare for drifta

  • Stolpar med straum kablar som er i dårlig forfatning

    * (Vedlegg til skjema må være bilder, kart eller skisser og liknande. Videofiler er dessverre ikkje støtta. Send eventuelle filmer på epost)

*Du vil få tilsendt ein kvittering/kopi på oppgitt e-post