SolcelleanleggSolcelleanlegg er potensielt svært brannfarleg om det ikkje vert bygd etter montasjeveilending og forskrifter. Grunna dette utfører DLE tilsyn på solcelleanlegg kvart år. Det vert dessverre avdekka mange avvik på dei fleste.

Her har me lagt ved litt informasjon som DLE meiner at er lurt å ta med seg om du har kjøpt, eller vurderer kjøp av solcelleanlegg.

Utførelse av installasjonen

Her er typiske avvik som DLE har avdekka ved tilsyn:

  • Mykje avvik på kabelføring på tak. Me finn at DC leidningar (solcellestrengar) ikkje er festa/beskytta tilstrekkelig for å tåle ytre påvirkningar over tid.

  • Inverter/omformer er ikkje montert iht. montasjeanvisning og gjeldande forskrifter

  • Merking er svært mangelfull

  • Sluttkontroll er ikkje tilpassa og utført tilstrekkelig før anlegget vert tatt i bruk.

  • Overlevert dokumentasjon til anleggseigar er mangelfull

Dokumentasjon

Krava til dokumentasjon av solcelleanlegg er veldig klare i regelverket som anlegga vert bygd etter. DLE`s erfaring frå tilsyn tilseier at anleggseigar ikkje er klar over dette. Det er heller ikkje alltid at aktørane som bygg anlegga forstår viktigheten av dette. Me tilrår at alle som har kjøpt seg solanlegg eller er i utbyggingsfasen om å settje seg inn i den dokumentasjonen som vert overlevert.

DLE forklarer kvifor er dokumentasjonen så viktig:

Nett tilkopla solenergisystemer forventast å ha ei levetid på fleire tiår, og antakeleg eit behov for vedlikehald eller modifikasjonar på eit tidspunkt i løpet av denne perioden. Byggearbeid eller elektriske arbeider i nærheita av solcellepanel er svært sannsynleg, for eksempel takarbeid. Eigarskapet til solanlegget kan også endre seg over tid, spesielt for system montert på bygningar.

Kun ved å gi tilstrekkeleg dokumentasjon i utgangspunktet kan den langsiktige ytelsen og sikkerheita til solenenergisystemet og arbeid, på eller ved soleneergisystemet sikres.