Din heim - Ditt ansvar

Huseigar er sjølv ansvarleg for at det elektiske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftmessig stand og at det vert brukt rett.

Her er ei sjekkliste for eigenkontroll av bustaden:

Sikringsskåpet:

  • Skru sikringane godt til, og kjenn etter om nokon av sikringane er unormalt varme.

  • Sjekk at jordfeilbrytar og ev. jordfeilvarslar reagerer på testknapp.

  • Sjekk at det er ryddig i sikringsskapet, at deksel rundt sikringar/vern er på plass og at dør er lukka.

  • Dersom ein sikring ofte koplar ut, kan det tyda på at det er for stor belastning på denne kursen.

Den faste installasjonen:

  • Sjekk at deksel på brytarar, stikkontaktar, koplingsboksar osv. ikkje er skada eller har teikn på varmgang.

  • Sjekk at det ikkje er kablar som er lause, eller er skada.

  • Sjekk at fastmontert utstyr som varmeomnar, lysamatur osv. er forskriftsmessig festa, og at dei ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar.

  • Sjekk at det ikkje er utført installasjonsarbeid av andre enn registrert elektroinstallatør.

Tilkobla utstyr:

  • Sjekk at det ikkje er overdreven bruk av bevegelege ledningar og skjøtekontaktar.

  • Kjenn etter varmgang på støpsler når disse apparatene er i bruk:

  • Vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvannsberedar, komfyr, varmeomnar.

  • Sjekk at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom.

  • Sjekk at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret.

  • Sjekk at sengelampar og varmeomnar på soverom er skikkeleg festa til veggen.

  • Sjekk at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk.

  • Sjekk at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk.

  • Sjekk at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk.

  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel om natta eller når ein ikkje er heime.

  • Elektrisk utstyr som vert brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt.

  • Unngå bruk og lading av mobil og pc i seng.

Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.

Kontroller pulverapparat/brannslanger og røykvarslar årleg. 

Dette kan du gjera sjølv:

Sjølv om alle kan kjøpa elektrisk materiell berekna på fast montasje i butiken, er det kun elektroinstallatør som har lov å installera faste installasjonar. Det er svært begrensa kva ein ufaglærd har lov å gjera med det elektriske anlegget. Følgjande kan du likevel gjera sjølv, dersom arbeidet vert gjordt på ein sikkerhetsmessig forsvarleg måte:

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.

  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.

  • Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.

  • Kopla til eller reparera lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.

  • Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta. Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.

Komfyrvaktkampanje

Me veit at komfyrbrannar er den klart største årsaka til brann i heimen. Det er fort gjort å gløyma panna på komfyren og difor er fyrste bod å verta verande ved komfyren når du lagar mat. Turrkoking kan skje hjå oss alle. Men ein ser at komfyrbrann oftare oppstår hjå einskilde grupper i folket, nemleg eldre og einslege unge.

Så godt som alle komfyrbrannar skuldast menneskelege feil og ikkje tekniske feil ved komfyren. Ved å installera komfyrvakt kan du hindra komfyrbrann. Difor oppmodar me alle til å installera komfyrvakt. Ein komfyrvakt inneber at komfyren vert slått av dersom ein farleg situasjon oppstår.                                                

Komfyrvakta er samansett av to deler: Ein sensor som vaker over komfyrtoppen, og ein del som kuttar straumen til komfyren dersom sensoren registrerar faretruande høg temperatur.

  • Er å få kjøpt på elektro-butikkar og på nettet

  • Skal vera installert i alle nyare bustader – etter 2010

  • Skal installerast i eldre bustader ved oppussing dersom det vert lagd ny straumkurs til kjøkkenet.

  • Same reglar gjeld fritidsbustader.

På sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om komfyrvakt og ellers andre tiltak som vil betra branntryggleiken.