Informasjon rundt fråkopling av installasjon i hus/hytte/næring for ein kortare eller lengre periode eller permanent.

Montør i stolpe

Dersom De som kunde har tankar/planer om å få Dykkar hus/hytte/næring fråkopla frå nettet for ein kortare eller lengre periode ver merksam på fylgjande:

  • Nettkunde som seier opp abonnementet for kortare tid enn eit (1) år, vert avrekna for opningsgebyr når anlegget vert tilkopla att. (Størrelse på ev. opningsgebyr går fram av «tariffheftet» Dette finn du under nettleigeprisar.)


  • Ved oppseiing av abonnement over lengre tid (1 år eller meir), kan installasjon/anlegg/målepunkt sin tidlegare rett på kapasitet i nettet falla vekk.


  • Nettselskapet kan og fjerne stikkledning og den del av overføringsnettet som forsyner ein installasjon/anlegg/målepunkt som er utan kunde.


  • Ved eventuell ny tilknytning på eit seinare tidspunkt, lyt det betalast anleggsbidrag innanfor dei til ein kvar tid gjeldande lover og forskrifter. j.f standard tilknytningsvilkår pkt. 3.10


  • Fråkopling over ein lengre periode kan og føra til at ein lyt ha ein el-sikkerheitsmessig gjennomgang av installasjonen, før ny tilknytning til nettet.