Ny nettleigemodell frå 1. juli 2022.

Frå og med 1.juli 2022 vert det innført ny prismodell for nettleige. Endringane er bestemt av myndigheitene og gjeld for heile Norge. Føremålet er å få jamna ut forbruket gjennom døgnet, slik at forbrukstoppane vert lågare og me får utnytta straumnettet bedre.

Den nye nettleiga som gjeld for hus, hytter og smånæringar (kundar som bruker under 100 000 kWh) vil bestå av to deler, eit energiledd og eit kapasitetsledd.

Energileddet vert bestemt ut frå kor mykje straum du brukar totalt (antal kilowattimer) og når du brukar straumen. Frå 1.juli 2022 betalar du mindre for forbruket om natta (22:00 til 06:00) og i helg.

Det betyr at du kan redusera energileddet ved å flytta noko av straumforbruket ditt til helg eller seint på kveld/natta.

For beregning av Kapasitetsleddet er det laga ein trappetrinnsmodell. Det er gjennomsnittet av dei tre timane du brukte mest straum samtidig i løpet av månaden som avgjer kva pristrinn du havnar på. Merk at det er toppane på tre ulike dagar og gjennomsnittet av ein heil klokketime som vert lagt til grunn.

Det betyr at du kan redusere kapasitetsleddet ved å ha eit jamnare forbruk gjennom heile døgnet og redusere maksforbruket.

Graf som viser eit gjennomsnittsforbruk for mange idag

Slik er eit gjennomsnittsforbruk for mange idag

Slik ynskjer nettselskap at forbruket skal fordelast for å redusere belastningen på straumnettet

 

Omtrent halvparten av det du betalar i nettleige er offentlege avgifter. Både forbruksavgift (elavgift), Enova-avgift og moms til staten blir tatt inn via nettleiga.

 

Tips:

  • Fordel straumforbruket ditt utover dagen, ettermiddag og kveld.

  • Lad elbilen om natta med egna og sikkert ladeutstyr.

  • Ikkje bruk alle straumkrevjande apparat samtidig. Eksempel: Gjer deg ferdig med middagen (steikeovn og koketopp) før du går over til vasking (oppvaskmaskin og vaskemaskin).

  • Du vil fortsatt spare pengar på å ikkje sløse med straumen. Dess meir energieffektiv du er, dess lågare vert rekninga for straum, nettleige og offentlege avgifter.

Me frarår bruk av kvitevarer som oppvaskmaskin, tørketrommel og vaskemaskin om natta. Vær alltid vaken og tilstades ved bruk av slike kvitevarer. Dette grunna brannfare. Les meir om trygg bruk av straum på www.sikkerhverdag.no/strom

Tips og råd for å redusere straumforbruket? Sjå nettsida til www.enova.no/privat/

 

For meir utfyllande informasjon, sjå temaside om ny nettleige hjå Energi Norge.

 

Nasjonale myndigheiter har bestemt at alle straumkundar i Norge med energiforbruk på under 100 000 kilowatt-timar (kWh) får ny nettleigemodell.

Les meir her: Effektbaserte tariffar legg til rette for betre utnytting av straumnettet - no skal smart straumbruk svara seg.

 

Forbruk og Mi Side

Kundar kan fylgja med på eige forbruk gjennom mellom anna Mi Side på nettsidene til Kvam Energi Nett AS. Det er og mange tenester som gjer det mogeleg å fylgja straumforbruket fortløpande på mobil eller nettbrett.