Bestill nettabonnement

Meld flytting

Når du flyttar er det viktig at du melder frå både til nettselskapet og kraftleverandøren.

I Kvam herad er Kvam Energi Nett AS netteigar, og har ansvaret for å overføra kraft frå nettet til din bustad. Du må difor melde frå til oss om di nye adresse, og eventuelt avslutte abonnementet på adressa du flyttar frå. Hugs å lesa av målaren ved flytting. 

Flyttar du inn på ei ny adresse i vårt nettområde bestiller du abonnement for nettleige her.

Du vel sjølv kva kraftleverandør du ynskjer til di nye adresse. Du må sjølv ta kontakt med kraftleverandøren du ynskjer, ei oppdatert oversikt over kraftleverandørar i vårt nettområde kan du få ved å ta kontakt med oss.

Dersom du ikkje vel ein kraftleverandør, er nettselskapet pålagt å levera kraft til di adresse. Du vil då verta lagt på leveringsplikt.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med oss

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

AMS målar